lørdag 28. februar 2009

Den store jakten

Har i det siste prøvd å kjøpa meg ei ny badedrakt, noko som skulle visa seg å vera vanskelig.

Har vore innom dei fleste butikkane. Når eg har spurt etter badedrakt, har eg fått ulike svar:

Nei, men eg trur vi får inn.

Nei, men me får sikkert inn nye.

Det er ikkje sikker på, men sjå der borte.

Ja det har vi, dei heng der.

Ja, me har det som heng der, det er ikkje sesong nå, så det er alt vi har.

Har butikkpersonale gløymt kva service er?

Her om dagen prøvde eg meg i ein sportsbutikk. Dei hadde ein del badedrakter, eg såg etter noko som kunne passa. Dei var utringa både her og der, men eg fann ei som såg ganske okei ut. Badedrakta passa for såvidt, men var så mykje utringa at etter to hopp, hadde nok attributtane hoppa ut. Då lurer eg på korleis den mest utringa hadde sett ut, open ned til navelen?

Andre modeller var laga med store utskjæringer i sidene, eg hadde vel vore bar til livet i ei slik ei.....

For den som skal slikka sol eller gå fram og tilbake på "Miami beach" vil desse badedraktene vera okei, men når ein skal symja eller trena, må vel kravet vera at badedrakta held på plass det som skal haldast på plass.





I ein annan butikk hadde dei kun rester frå i fjor, og personalet fann det dei hadde. Eg måtte le då eg såg det dei kom med. Ei todelt badedrakt - ein lang topp og lita bukse. Ja, eg såg meg sjølv i ånda, buksa ruller ned og toppen sprett opp. Nei ikkje noko for ein aktiv kropp....


I dag reiste eg til eit større handlesenter, og etter å ha vore innom dei fleste aktuelle butikkane og fått dei same svara, så måtte eg ta for meg den butikken eg hadde venta med tilslutt. Alt er dobbelt så dyrt der. Ja, dei hadde fått inn nye bademoter, med og utan skjørt. Tok med meg 2-3 til prøverommet. Den som eg først og fremst hadde sett meg ut, ja, den nådde meg kun opp til attributtane - då lo eg....

Eg gjekk frå butikken med badedrakt i posen. Dyr og fargerik, men eg kan vera aktiv heile våren......

Oppfordring til alle produsenter - sy inn glidelås i alle utringingar!! då blir det mykje enklare for kundane, ein kan gli opp eller ned alt etter som....

Litt utpå våren må eg nok ta ein ny runde, for å sikra meg utstyr til neste vinter.....



Dagens aktivitet:
Morgontur med staver.
Bruker staver av og til, fordi då får eg bruka heile kroppen og går på ein meir effektiv måte.

Tok avgårde i eit raskt tempo, tenkte ikkje over det før eg kom i første motbakke. Eg kjende pusten vart raskare og raskare, og mot toppen vart det tungt. Vanlegvis må eg ha ein pust i bakken på toppen, men i dag fortsatte eg i godt tempo, heilt til endes av vår eiendom, der eg snudde og gjekk med lett hjarta heimover igjen.

Trudde nesten at eg hadde brukt kortare tid enn vanleg, men det var ikkje store forskjellen. Det er nok like før eg må leggja om ruta og ta ein tur innom nabogarden og.......
God jakt for den skal ha ny badedrakt!!!!

fredag 27. februar 2009

Vår

Eg veit ikkje heilt om våren er komen for godt, men det er vårleg i lufta. Buskar og tre har fått små "museøyrer" ( blada har såvidt begynt å spretta). Snøklokkene er i blomst.



Var ute og fotograferte litt i dag tidleg, med katten på slep. Ho stoppa opp og såg på meg, men så snart eg snudde linsa mot henne, så gjekk ho vidare.
"Eg vil ikkje vera med på bilete, best å springa vekk!"


"Javel då, du skal få eit biletet av meg, men eg mååååå fiksa meg litt på håret først. Eg kan ikkje vera med på bilete slik som eg ser ut"



Sånn, nå er eg klar for fotografering.


Dagens aktiviteter:

Heimatrening:

Eg trur eg gjorde eit godt valg, då eg gjekk ned att på belastninga på ergometer sykkelen. Alt fungerer mykje betre no.
Bading:

Som vanleg hadde vi mykje morro i bassenget. Fysioterpauten er som ein sprellemann på bassengkanten. Han kjem med mange fine utsagn og får svar på tiltale, og latteren sit laust hos alle.

God helg!
PS: I går: Selvfølgeleg hadde ikkje butikken att meir av det røde garnet eg gjekk lens for... Eg fann ein annan farge og er i gang med ei ny pute - den røde puta må no liggja på vent, til butikklen har fått inn ny forsyning.

torsdag 26. februar 2009

Treningsfri dag

Vakna til sterk vind og regnver, og den morgonturen eg hadde planlagt, vart i første om gang utsett i påvente av bedre ver.
Torsdag er ein dag mellom to aktive dagar, og vanlegvis har eg kun ein kort tur eller ei roleg økt heime.
Ser no at det lysner i vest, om det vert godt ver utpå dagen, så kan det henda eg går meg ein luftetur seinare.
Brått datt det over meg noko arbeidslyst, lyst til å ta eit tak i heimen. Der er eg no, midt i klede og golvvask.
Når den lysta har gått over, skal eg ut å handle meir garn til pelsputa. Irriterande å ha fått med for lite garn.....
No har eg bestemt meg, eg innvilger meg sjølv ein treningsfri dag.
Det blir fyr i ovnen, ein stor kopp te og full fart med spødene ( strikkepinnane) i ettermiddag.

onsdag 25. februar 2009

Onsdag

Onsdag er den dagen i veka, eg har mest aktivitet. For å få med meg tre gonger pr. veke, i bassenget, så har eg valgt å ha to badeøkter på onsdager. Eg har sett av denne dagen til trening, og prøver å styra unna andre avtaler.


Starta i dag tidleg med heimatrim -sykkel , øvelser, sykkel.

For å få dette til tre gonger i veka, har eg lagt denne treninga til mandag, onsdag og fredag. Mest fordi det passer til opplegget resten av desse dagane.

I sist veke auka eg belastninga på sykkelen - eit hakk. Svetten silrant, eg pusta som ein kval, og det er nok ikkje umuleg at heiste skuldrane litt opp mot øyrene. Eg var kjempefornøgd med at det fungerte sånn nokonlunde bra......

Eg har vore ganske stiv og hatt mykje vondt i kroppen dei siste dagane, noko som ofte skjer når eg står på for mykje. Derfor har eg valgt å gå ned på belastninga igjen - til rett over middels på skalaen, for å ikkje gå i same fella som eg har gjort nokre gonger tidlegare. Eg har stått på gjort for mykje, ting har låst seg og alt har stoppa opp.

Kroppen min er nok ikkje klar for å auka belastninga ennå, sjølv om hovudet vil aldri så mykje.

Klart ei lite nederlag, men når eg ser tilbake på det eg har oppnådd dei siste månadane, så har eg hatt stor framgang og gler meg stort over det.


Husk at dette skal fungera over lang tid, var rådet vi fekk på treningsleiren - desse orda har eg teke med meg på veien og seier dei til meg sjølv når eg vil litt mykje.

Heimatreninga fungerte mykje bedre i dag.....

Første badeøkt - gruppetrening med fysioterapi.

Fysioterapauten har vore på kurs, det betyr nye og vanskeligare øvelser for oss.

Mykje latter når baller og skumpølser sprett i hytt og ver. Mykje morro, slik det har lett for å bli når ein del damer er saman.

Dei stakkars 3 mennene kjem sjelden til orde..

På slutten av timen kan vi symja eller vera i boblebad osv...


Ei av damene der, seier eg sym som ei nisa, eg ligg der å flyt og tek nokre symjetak av og til, meiner ho.

Eg er glad i å symja. Då eg tok opp att symjinga for 1,5 år sidan var det 12-13 år sidan sist. Eg har nok forbedra meg sidan eg starta med fysio trening i vatn, men å symja som ei nisa?

Andre badeøkt.
Fribading og vi kan disponera tida som vi vil. Eg pleier å symja ca 30 min før eg roer av med nokre øvelser. No i kveld var det så fullt i bassenget, det vart nesten som å symja i kø. Eg lurde meg fram litt i sikk sakk og fekk fullført mi økt.

No skal eg siga godt ned i godstolen og slengja føtene på krakken og bare slappa av.

mandag 23. februar 2009

Frukt

Etter dager på fruktfatet, er det ikkje uvanleg at frukta vert overmoden eller begynner å tørka inn. Denne frukta vert liggjande og ingen vil eta ho.

Har i dag rydda litt i fruktfatet, og skar opp den brukande frukta i biter. Hadde appelsinjuice over og fekk ein herleg fruktsalat. Fann nokre valnøtter i skuffa, hakka desse og strødde dei over.

Dette kan stå eit par dagar og blir bare betre og betre.


Denne gongen brukte eg banan, appelsin, eple og pære, men alle typer frukt kan brukast.

Til dessert eller festlege anledningar, serverer eg is eller krem til - veldig populært.




Ny og frisk frukt er komen på fatet.


På treningsfronten vart det i dag "heimatrening" i dag tidleg, og ein ny runde på sykkel og øvelser hos fysioterapauten.

Fann denne då eg rydda i papir her om dagen, syns han er litt kjekk!!



Stå på, og husk tre om dagen....

lørdag 21. februar 2009

Treningsleir

I desse dagar er det 4 månader sidan eg første gong drog på treningsleir. Eg var spent på opplegget, kven som var med på gruppa osv. Vi hadde fleire korte økter kvar dag, og vi kunne ta turer etter ønske på "fritida".



Det var ein fin plass i mellom fjella.


Dette var eit opphald der ein vart vurdert med tanke på vidare opphald - 4 av 12 har fått plass.


Medan eg var der så tenkte eg mykje på korleis eg kunne fortsetja med treninga heime, tilpassa min kvardag. Eg la ein plan, der eg satsa på ei økt, dei dagane eg ikkje er på arbeid. I forkant hadde eg kun hatt 1-2 økter i bassenget pr veke og ein tur i ny og ne.


Eg bestemte meg for å vera meir egoistisk, bl.a. sei nei til ekstra vakter på arbeid, sei nei til verv i foreninger og lag osv - no skal eg gjera noko for meg sjølv.




Dei første dagane heime, måtte eg fylgja ein fast plan for å få gjort unna tur/treningsøkter, men etter kvart merka eg at eg fekk meir og meir lyst til å ta turen. Det gjekk ikkje lenge før eg merka at eg fekk meir energi og tok meg fleire turar enn først planlagt.


I løpet av denne tida gjort det beste eg kan, enkelte veker har det blitt ferre økter enn andre. I gjennomsnitt har det nok blitt 4-8 økter i veka- frå 20 til 90 min pr økt, noko eg må sei meg godt fornøgd med.



Kva har eg oppnådd i løpet av denne tida?



Heilt klart har eg fått meir energi - eg er mindre trøytt.

Eg har mista ein del vondter på vegen, og kjenner meg lettare i hamsen.

Har meir utholdenhet - klarer å yta meir under trening.

Det går lettare opp bakkane,- men eg slit enno med trappene (kanskje det er det eg må trena på framover)

Eg har funne muskler langt langt der inne, som ikkje har vore i bruk på lenge.

Elles så har eg merka endring ytre sett - kleda har blitt litt romslegare.

Her om dagen merka eg plutselig at buksa ikkje lenger rulla tre gonger nedover magen, for å gje plass til overhenget over bukselinninga. Buksebaken haldt seg på rett plass, og seig ikkje ned på låra.

For all del, det kan jo vera buksa som har gitt etter for overmakta, og utvida seg i saumane.....


Det er no ca 3 mndr til eg skal tilbake, mitt mål framover er å gjera det bedre på alle testar vi skal gjennom der. For å klara det må eg halda på som eg har gjort til no, noko som eg trur skal gå bra.



Bodybuilder neste????



fredag 20. februar 2009

Bytur

I dag fekk eg tid til ei god økt på ergometer sykkelen, før eg måtte hiva meg rundt, å setja kursen med fly, mot Tigerstaden.
Planleggjing av eit kurs stod på programmet.

Hadde litt tid til overs, og tok meg ein spasertur. Målet, ja det var Oslo's mest besøkte atrakksjon og "turområde" for tida - Den nye operaen. For mykje snø til å gå på taket, så det vart ein runde rundt bygget.
Det var det eg fekk sett av Oslo i dag.
God helg!

torsdag 19. februar 2009

Lang dørstokkmil

I dag måtte eg ha nokre runder med sjølv, før eg kom igang. Var fleire gonger i vinduet og såg på veret. Fann ut at det var sikkert for glatt til å gå tur, skodda hang lågt og det var sikkert kaldt og ufyselig.....

Men så er det den samvittigheta då, den drog i andre enden og sa noko heilt anna.

Eg kom meg avgårde - med staver.








Ute var det grått, 2 plussgrader og ingen vind - nesten ein følelse av vår. Fuglane sang og eg haurde bekken sildra.
Eg gjekk gjennom rester av tirsdagens uver, snøen låg ennå der dei største snøfennene la seg, litt isete var det, men ikkje meir enn at det gjekk greitt.


Nå sit eg her med roser om kinn, glad og fornøgd for den fine morgonturen det vart, til tross for lang dørstokkmil før eg starta.

Nå skal eg med god samvittighet ut på jentetur og bare kosa meg!

onsdag 18. februar 2009

badedag

Mørbanka og stiv etter gårsdagens strabaser, var det tungt å koma igang i dag. Hadde helst lyst til å siga djupt ned i godstolen og ta livet med ro...

Etter frukost så gjekk det på rutinen, og med eitt så var eg i gang på sykkelen - for heimatrening. Kroppen vart bedre etter å ha vore i aktivitet, men var fortsatt ikkje heilt på topp.



Onsdag er ein av to badedager i veka - varmtvanns basseng - gruppetrening med fysioterapi.







Det er alltid kjekt å delta her, ein fin gjeng, med mykje humør.

Å gjera øvelser i vatnet gjer godt, og ein kan yta meir enn på land - mange gonger føles det nesten som om ein ikkje tek i, men etterpå kjenner ein seg matt.

Å vera i det varme vatnet, gjorde ein mør kropp fin igjen...



tirsdag 17. februar 2009

Rennedrev

Ikkje snøstorm, men det har snøa på tvers og lagt seg i fenner.


Det har vore vanskelig å køyra, og mange bilar måtte ein tur i grøfta. Regnet som kom i går fraus på i natt og med all snøen oppå, har trafikken gått i sakte tempo heile dagen.
Eg måtte snu nokre stader, fenner låg over vegen, og det var umulig å sjå kor vegen gjekk. Andre stader måtte eg ut å gå til knes i snø, for å få levert varene.
Tirsdag pleier å vera treningsfri dag, men eg må sei eg har fått ein dose aktivitet denne dagen og.
Kan nesten kalla det å driva ekstremsport på jobb!


mandag 16. februar 2009

Aktivitet

I dag er eg igang igjen med mine aktivitetar.

Starta dagen etter frukost, med "heimatrim". Oppvarming på ergometer sykkelen, diverse øvelser og avslutta med ny runde på ergometer sykkelen. Tilsaman blir dette ei god aktivitetsøkt, noko som eg i følge fysioterapauten bør gjera tre gonger i veka - har vore flink til no....

Etterpå roer eg ned med ei kopp te, før eg er klar for ein dose husarbeid.

Etter å ha hatt ein runde med diverse reingjering, er det tid for innkjøp. Når eg likevel skal ut med bilen, bestemmer eg meg for å gå ein tur på stranda i same slengen. Klær meg godt med superundertøy under og regnklede over - regn, vind og 2 grader ute.




Eg tregar litt når eg kjem ned stranda, eg hadde ikkje sett for meg at det var så mykje is og snø her. Eg likar ikkje å gå på slikt føre, fordi eg går så anstrengt og blir ofte ganske stiv. Eg tek avgarde likevel, i håp om bedre forhold heilt nede i vannkanten.



Isen og snøen ligg heilt ned til der som bølgjene slår mot land, glatt var det der og. Regnet og vinden auka på undervegs så det vart ein heller kjølig fornøyelse.


Det var ikkje mykje liv på stranda i dag, det einaste eg la merke til var denne andeflokken som hadde samla seg mellom steinane.
No kan eg vera godt fornøgd med meg sjølv, og dagens dose aktivitet. Eg kan nå finna fram boka, fyra godt i ovnen og riktig kosa meg, til pliktene kaller.
Ha ein aktiv dag.

lørdag 14. februar 2009

Arbeidsdag

I dag har eg i embets medfør køyrt nokre mil både ved havet og oppover mot høgjæren. Sol og fint ver, og eg vart overraska over kor få eg møtte på min veg. Kanskje dei er reist til fjells og skiferie alle saman.



Heilt nede i havkanten finn ein ei lita kyrkje med plass til 14 personer. Ein kan ikkje sjå kyrkja frå hovudvegen, men ho er likevel ofte besøkt, og mange starter turen langs havet herifrå.



Kyrkjegarden er heller ikkje stor, og var nok i si tid, mest brukt av dei som budde på dei nærmaste gardsbruka.


Som over alt på Jæren finn ein og her steingardar. Gardane er brukt som skilje mellom åker og eng, og vitner om eit hard arbeid gjennom mange år. Dei fleste gardane er laga med handamakt opp igjennom tidene.





torsdag 12. februar 2009

Vi har alle våre individuelle grenser for kor mykje som er langt/kort, tungt/lett.Eg har fleire gonger i forkant når ein skal gå frå A til B, spurt kor langt det er, og fått til svar - nei det er bare 5-10 minutt å gå, så det er ikkje så langt......
Kven er det langt eller kort for?


Eg har i mange år hatt ein draum, om å nå eit mål. For meg har dette virka uoppnåelig, då eg veit at det i lengste laget for min kropp, og nederlaget ville vore for stort om eg ikkje skulle klara det.

Det er fleire ting som må klaffa, om eg skal klara nå eit slikt mål, form, veret osv.


Ein kjølig junidag for nokre år sidan, snakka me om denne draumen min. Alt låg til rette, og me vart enige om at dagen etter skulle me prøva.

Dagen kom, eg må sei eg trega litt, fordi eg visste kva som venta meg på slutten av dagen, men eg følte meg klar til å ta smerter og nederlag som eventuelt måtte koma.

I sekken hadde eg pakka mat og mykje drikke. Det viktigaste var fleire sokkeskift og fotkrem (legges på som eit ekstra hudlag), for eg må skifte sokker ofte (aller helst sko og....) for å endre på trykk og gnag.

Så bar det i veg, opp igjennom fjellsider og ur, myr og sti. Vi gjekk gjennom skog og over berg. Mykje fin utsikt på vegen.




Undervegs måtte eg stoppa for å smøre på ny fotkrem og skifte sokker fleire gonger. Folk lurte nok på kva eg dreiv på med, når eg midt i brattaste ura drog fram sokker og krem.






Me gjekk og gjekk, og var komne så langt at me nærma oss målet, eg følte det gjekk ganske bra. Då begynte mannen å verta sliten, og han snakka om å snu!!??!!



Då vart eg så bestemt på at fram skulle eg, når eg var komen så langt så skulle eg til topps.
Til topps kom me.....




Det er eg som sit og dingler med føtene, heilt ytterst på kanten....


Gleda over å ha nådd toppen var stor, og turen var vel verdt slitet med å koma dit.











Me hadde ein velfortjent matpause, der me kunne nyta ein flott utsikt.

Medan me sat der, så sende eg sms til venner og kjente. Måtte bare fortelja om det store som var skjedd.

Har i ettertid fått høyre at folk ikkje trudde det var sant, eller at dei lurde fælt på, korleis eg skulle kome meg ned att....






















Det gjekk bra å koma seg ned att.
Eg var sliten og utmatta, kroppen var vond i dagevis, men kva gjer vel det - EG NÅDDE TOPPEN.

Kan henda eg prøver meg igjen ein dag, om alt skulle liggja til rette for det. Eg veit med meg sjølv, at på ein god dag så kan eg klara det igjen, og det er ikkje lenger noko nederlag om eg må snu på veien - eg har jo klart det!


I dag har eg brukt nokre lånte "fjær", eg var så oppteken av å nå målet, at det vart lite med fotograferinga den dagen.

onsdag 11. februar 2009

Ein ny fin vinterdag på Jæren.


Eg får heller ikkje i dag ta turen ut og nyta det gode veret. Det passer eigentleg dårleg, fordi eg har no fått så god dreis på eit trenings - og tur opplegg, som skal hjelpa meg på veien til ein bedre kvardag. Tidlegare har eg stått på over evne, konkurrert med meg sjølv for å klara "alt", men det har blitt feil og gitt meg fleire plager.




Har hatt mange ned og opp turar i livet, og etter siste nedtur starta eg heilt på botnen, i det små. Det er ikkje lenger så viktig for meg, å nå den høgaste topp eller gå "mange mil", no gjer eg ting som kan fungera, over lang tid. Eg går turar, har bassentrening eller kortere treningsøkter heime.

Venter og på svar om plass på "treningsleir", for å få hjelp til å koma vidare på veien mot mine mål.


Somme gonger går turen rundt gardstuna her, av og til er kattane med meg.



Det er fint med turkameratar, men skal eg ta nokre bilete på veien, kan du vera sikker på at minst ein av kattane er rundt motivet eg har sett meg ut. Kan nesten tru at dei kjenner det på seg, kor eg vil snu linsa for neste bilete.



Sjølv om sola skin og det fint ute, så ligg no kattane i kvar sin stol og søv, dei driv meir ute- og natteliv i sommarhalvåret.
Ha ein avslappande dag!

fredag 6. februar 2009

kveldsol

I dag blir det ingen tur, men jeg vil vise noen bilder jeg tok en marsdag for noen år siden. Det hadde vært noen vakre solnedganger flere dager på rad, men jeg hadde ikke hatt anledningen til å ta turen til stranden.

Jeg studerte himelen flere ganger den dagen, det så ut som om skyene skulle komme før kvelden. Det gikk bra og solen skinte inn stueviduet til jeg satte meg i bilen.

Jeg hadde kjørt et par hundre meter da jeg møtte en grå vegg av skodde. Tenkte med meg selv at jeg kan like godt ta turen helt fram, da det ofte varierer på denne korte biten ned til havet.



Skodden kom og gikk, og like før jeg var framme så kom solen gjennom et slør av dis. Det var en eventyrlig og trolsk følelse av å være midt oppi dette.
Jeg parkerte bilen og gikk mot stranda, det første jeg tenkte, var at det var så stille. Ingen havdur eller bølger som slo mot stranda.
Synet som møtte meg på stranda var bare så vakkert, og stillheten gjorde det hele til en annen verden.
Denne kvelden kunne en bare stå og nyte solnedgangen, og ta til seg av det som naturen og moder jord kan gi.
Bare ett menneske møtte jeg på stranden, og hun var like fasinert som meg. Så satt vi der på hver vår stein og bare tok til oss roen, stillheten og naturens vakre farger - til solen var gått ned.

torsdag 5. februar 2009

Strandtur


Solen tittet frem mellom regntunge skyer, da jeg
startet min tur på stranden. Jeg var helt alene, men det viste tydelig i snøen at mange hadde vært der før meg, idag eller i går, for det var i går snøen kom. Jeg syns det er fint å stranda for meg selv, då går jeg i min egen verden og lytter til naturens egne lyder.




I dag var havduren sterk, den som alle andre naturens lyder gir rom for fredelige tanker og funderinger. Bølgene slo mot stranda med jevne mellomrom, og hvite topper som kom viltert mot land.


Skyene blir mørkere og mørkere, snart kommer det vel snø eller sludd..
Ikke noe særlig vind å snakke om.






Sanden var tung å gå i, og våt av sjø og nedbør. Langs bølgenes rand hadde det lagt seg en stripe av is - naturens eget kunstverk. Flott å studere iskrystallene som har lagt seg lag på lag.












Sjø, steiner og sand, vet ikke hvor mange varianter jeg har av slike bilder, men jeg syns det er like fasinerende hver gang jeg går tur på stranden.


Den siste delen av turen kom regnet/snøen så det ble ikke flere bilder i dag.

Ser at bildene blir litt mørke, men håper likevel at de gir et visst inntrykk.




Da jeg parkerte utenfor huset, tittet solen frem igjen, og jeg la merke til at grønne små spirer hadde karret seg opp gjennom tørkede grener og gress fra i fjor.


Det går mot vår på desse kanter av landet.
HJELP- jeg har fått meg blogg, hvordan skal jeg nå starte det hele? For en dame midtveis i livet, med små data kunnskaper er dette er stort skritt å ta - iallefall for meg.
Hvem er jeg? som sagt er jeg midtveis i livet, jeg har en stor lidenskap for fotografering, og jeg liker å være ute i naturen. Kameraet er min forlengede arm når jeg ute.
Mine turer i naturen blir tilpasset min dagsform, da jeg har en del ekstra bagasje som gjør at noen dager er det begrenset for hvor mye jeg kan bevege meg.
Jeg bruker naturen på den måten som passer best til min kropp, og noen dager bare er jeg der, og nyter det naturen kan gi meg.
Mitt kamera er alltid med, og jeg prøver å fange øyeblikkene, eller de små ting som jeg ser og føler på.

Solsikken, ja hvorfor solsikken. Det er en stor og vakker blomst, som lyser opp og jeg blir glad av å se den. Om jeg tenker litt mer, så har solsikken en masse frø. Hvert frø er en ny mulighet, akkurat som hver dag er en ny mulighet for meg.








Jeg sitter her ved vinduet og ser ut over åker og eng, det er en grå dag, 2grader og litt snø på bakken. Jeg har enda ikke vært ute.

Dette er et bilde fra et par år tilbake, en soloppgang - tatt fra min verandadør.


For et par dager siden gikk jeg en tur på stranda, det var noen minusgrader og sterk vind.
Livet ved havet endrer seg dag for dag.


Litt vissent gress fra i fjor eller små steiner som er blitt skyllt opp på stranda, alt er for meg like spennende.


Jeg er veldig fasinert av havet, enten det er stille eller storm.

Denne dagen var jeg der i det solen steg opp bak sanddynene. Lyset gir havet en annen farve og det er vakkert å se på steinene som gløder i solstrålens glans.


Vinden gjorde at tårene spratt og det var så kaldt at det føltes som om tårene frøs til is på mitt kinn. Det var en forfriskende og fin tur.


Etterhvert vil jeg fortelle litt mer om mine turer.