tirsdag 29. mars 2011

ut på tur...

Først vandrar eg langs bondens åkrer

.

deretter svinger eg inn på stranda og går langs sjøen



- når eg er ved enden av stranda,

er sola i ferd med å gå i havet.

. Ein forfriskande og god tur ei kveldstund ved havet.

lørdag 26. mars 2011

sol, stein, sjø og land....

Sol frå nesten skyfri himmel,
bølgeskvulp, fuglekvitter og måkeskrik...
.
- stein på stein...
.
- stein i sjø...

- himmel høg...

-og stille vatn...
.
Håtangen ein vakker vårdag...
. - to svaner kom mot meg
- dei lurde nok på om eg hadde mat til dei...
.

GOD HELG!

torsdag 24. mars 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

I dag går turen til Sirevåg hamn
.
- på eine sida av innseilinga finn ein denne fyrlykta
.
og Europas nest største skuldermolo (500m) på andre sida.
.
-når vi kjem så langt sør som til Sirevåg,
er flate Jæren gått over i knauser og fjell
.
- her finn ein og små holmer og skjær utafor kysten.
.
- på hamna er det stille denne dagen
.
- men ofte kjem store fiskebåter hit,
for å levera sin fangst til mottak og foredling
.
Sirevåg har 455 innbyggjarar,
.
og ligg sør i Hå kommune.
.
Vedafjellet ligg i nærheten av Sirevåg hamn
.
herifrå har ein god oversikt over innseilinga til hamna.
.
Det var nok ein av grunnane til at denne fjellknausen,
vart valgt ut til kanonstillingar og bunkarsar under krigen.
Dette kan du lesa meir om her
i eit tidlegare innlegg.
.
Mi rundreise fortset i sørleg retning frametter våren,
før eg set kursen nordover frå utgangspunktet på flate Jæren.

mandag 21. mars 2011

på jakt etter vårteikn...

Eg har vandra rundt på eige gårdsbruk
for å leita etter vårteikn...
.
- sola varma godt
.
eg fann knopper som er på veg til å springa ut...
.
- nakne tre
.
- ikkje akkurat eit vårteikn,
men fjørene vaia så flott på ei grein
.
- eg harde og såg vipa som fauk opp og bort frå sitt område
.
- fleire tre med knoppar på
.
- nakne tre langs ein steingard
.
- vinterbrun mark
.
og endå eit tre fullt av knopper
.
- mosegrodde steingardar
.
- og tilslutt fann eg det eg var på jakt etter:
gåsungar
.
Bøndene på Jæren er i gang med å klargjera traktor og utstyr,
det går nok ikkje mange dagane før våronna er i full gang.
Dei som er tidlegast ute,
har allereie fått gulerotfrøa under plast.
.
Eg vil ynskja alle ein fin dag.

onsdag 16. mars 2011

Frisk tur på Refsnes strand

I sol frå nesten skyfri himmel og frisk vind
.
gjekk eg ein god tur på stranda i dag.
.
Bølgjene rulla inn mot land,
.
med kvite skummande bølgjetopper.
.
Eg hadde heile stranda for meg sjølv...
.
Vinden tok sanden med på ferda
.
og skjulte alle tidlegare fotefar...
. Å koma heim te Jæren,
å gå seg ein lang tur ved havet,
å kjenna vinden, sola og lukta av sjø
gjer godt på både kropp og sjel.

tirsdag 15. mars 2011

Fyrste blomen han er komen...

- det er vår!
.
The first flowers are here...
.
- it is springtime..
.
Have a nice day.