lørdag 16. april 2011

Morgontur på stranda

 Skodda som var som ein grå vegg i dag tidleg,
hadde trekt seg ut i havet, då eg gjekk tur på stranda.
.
- sola skein gjennom skoddeeimen
fuglane song og kvitra
.
 - bølgebrus og ein liten bris
.
 - lukta av tare og tang
.
 ja, det var det eg tok til meg på min veg
.
 - her og der såg eg grøne spirer
.
 Å gå tur i slike flotte og stille morgonstunder
gjev nye krefter og klart hovud...

 - det er ein god start på dagen.
.
 I det eg er på veg tilbake til bilen,
kjem skodda tilbake....
- sjø, strand og himmel
det er nesten som om dei går i eitt...
.
Har hatt eit nytt objektiv på kameraet idag,
- me treng å verta litt meir kjente me to....
.
GOD HELG!

2 kommentarer:

  1. Takk for turen, og god påske til deg Ruth:)

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder fra Jærens streder.
    Ønsker deg en riktig god palmesøndag :)

    SvarSlett