mandag 22. april 2013

Topptur i Bergen

Eg har lenge hatt ein drøm om å koma meg opp på forskjellige toppar rundt omkring i Norge.
Eg har dei siste åra trent for å bli i så god form, at eg kan prøva meg på desse turane.
For ei tid tilbake sette eg av denne helga, for å gjera eit forsøk på den første av toppane:
Stolzekleiven i Bergen 
 - ein plass i Fjellveien, startar turen oppover fjellsida
 - Stolzekleiven vart åpna i 1939,
- har ein høydeforskjell på 313,5 meter
- lengde ca 961 meter
- stigning på mellom 20 og 40 %
- 908 trappetrinn
- det går sakte oppover, steg for steg,
og mang ein pause måtte til
 - store deler av turen går inne mellom store tre/skog,
men her og der kan ein sjå utover byen
 - midt oppe i lia finn ein dette skiltet,
- pusten er allerede tung og låra har begynnt å kjenna alle trappetrinna,
og så får ein vite at framleis er det eit godt stykke igjen.... :)
 - litt lenger oppe
  står dette skiltet
- utsikt mot havna
 - oh yes, eg har nådd toppen...
- her finns eit utkikkspunkt.
Når vi går ut på fjellkanten, slår kulingen mot oss.
Mine turvenner har fotografert meg, 
når eg delvis ligg på fjellknausen, 
for å prøva og fotografere Bergen by i den sterke vinden.....
- Bergen by, ein grå og vindfull dag
 - mange går ned att same vegen,
 men vi valgte å til Fløien for å ta Fløibanen ned att.
Oppe på fjellet, finns gode turstiar i fleire retningar.
Vi gjekk forbi fleire delvis islagde vatn
 - vi valgte den korteste ruten til Fløien.
Frå Fløifjellet har ein god utsikt over byen.
 - med Fløibanen er turen ned frå fjellet unnagjort på noen minutter
 - mange har i forkant advart meg mot den "tøffe" turen opp Stolzekleiven,
ja, det var ein utfordring,
 men eg er ikkje verre enn at eg kan tenkja meg å ta turen på ny, ei anna gong.

3 kommentarer:

  1. Eg var i Bergen i tre år. På Fløien har eg vore men ikkje på Stolzekleiven. Fine bilete, Ruth, og takk for turen!

    SvarSlett
  2. Jeg bor i Bergen så der har jeg gått. For et år siden ble veien opp restaurert. Jeg har ikke vært der etter det. Må ta meg en tur snart. Fine bilder du spreke dame.
    Klem

    SvarSlett
  3. Spreking!
    Flotte bilder fra turen din;)
    Jeg må innrømme at selvom jeg bor i bergen har jeg aldri gått Stolzekleiven. Men på mange andre topper;)

    Riktig god helg til deg!
    Nå pakker vi og er klar for Karmøy i helgen;)

    SvarSlett