onsdag 28. mai 2014

Ei reise gjennom Slovenia 2

Ein kan ikkje liggje på latsida,
 om ein har tenkt å sjå store deler av Slovenia i løpet av nokre få dager.
Etter ei god natts søvn og ein god frukost,
køyrer vi strake veien til Bled.
Vi vandrer langs vatnet Blejsko jezero -  vatnet ved Bled
 - vi går om bord i båten 
- som tek oss med ut til øya Blejski otok - øya ved Bled
 - ute på øya er det plass nok til kyrkja , eit par hus og ein sti rundt øya
 - det er mulig å gifte seg i denne kyrkja.
- I følge sagnet, 
må brudgommen bera bruden opp denne trappa,
for at dei skal bli skikkelig gift....
- det er ikkje høgsesong enno,
så vi kan vandre rundt på øya, nyte stillhet og ro
utan å gå i kø..
 - båten ligg ved kaiaen og venter på oss.
Vi blir rodd over.
Det er ikkje lov til å bruke båter med motor på dette vatnet.
 - på landsida ser vi Blejski Grad - slott, 
som vi skal opp til etterpå
og fjelltoppen Karavanke
 - i staden for for å bruka bilen, har vi valgt å gå opp til slottet 
 - sti og trapper svinger seg oppover lia
- her hersker og roen og freden
 - oppe ved slottet er det god utsikt over distriktet,
- mot Bled
 - Karavanke
 Bled er eit av dei eldste slotta i Slovenia,
og vart første gong nevnt i eit dokument frå 1011.
Slottet er bygd på to plan.
Nederst finn ein i dag eit trykkeri og ein kafe
- på øverste plan er det eit kapell frå det 16 århundre, museum og ein restaurant
- vi ser ned på vatnet og øya vi kom frå
 Bohinj og fossefall er neste post på programmet
 Vi vandrer eit stykke langs Mala Savica,
 - før vi svinger inn på stien med alle trappene
 - denne turen opp til fossen tek 20-30 minutt 
- vi går i trapper heile tida
 oppe på toppen ser vi ein del av Bohinj
 Slap Savica - fossen Savica 
- ligg i hjertet av Triglav nasjonalpark
og består av to fosser,
den minste er 25 m og den store 78 m høg.
Vatnet kjem frå Crno Jezero, som ligg 500 m ovanfor fossefallet
 - snart er vi på vei tilbake, ned alle trappene..
  Mala Savica - lille Savica
 - dagen går over til kveld,
og sola går ned bak åsen innan vi når tilbake til hytta.
- ein fin og opplevelsesrik dag,
- eg har erfart at Slovenia har mange trapper,
- over alt.... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar