torsdag 3. juli 2014

Rusletur på Hå

Sola kjem og går
vinden ruskar i mitt hår.
Eg lytter til elva som sildrer,
fuglar som syng,
og småkryp som rasler mellom blomar og strå
- det fint å rusle slik langs elva,
ta til seg av det som naturen byr på,
og kjenne roen som senker seg,
 - Håelva svinger seg langs åker og eng, over flate Jæren
 - den berømte hengebrua (i allefall i eit visst sykkelløp) går eg forbi
 - blomar og strå vaier i vinden
 - blomsterdufta gjev minner om blomsterenga i barndomsår,
 - elva har lite vatn og renn stille mot havet
 - Jonsahuset speglar seg så fint i elva
 - blomar og strå veks frodig langs heile elva
 - midt ute i elva har den gamle greina fått nye skudd
 - eg rusler langs åker med snorbeine fårer
 - eg vert var humla som flyg frå blome til blome,
og som har ikkje tid til å stå stille
- på himmelen danner det deg fine skyer 
 - fuglar syng mellom blomar og strå
med eit fyk dei opp og er lett å få auge på
 - slik vandrer eg vidare i "mi eiga verd"
 - lyset i havet endrer seg,
ei lang mørk sky strekkjer seg ut over Jæren
-  brått vert eg var ein saueflokk
- og ein hare som gjer eit kort stopp
- denne turen er ikkje lang,
men har mykje å by på, 
for den som er glad i markblomar og fuglesang.

3 kommentarer:

  1. En herlig rusletur på Jæren.
    Nydelige bilder
    Var himmelen slik med vifteforma skyer,
    eller har du redigert de? Nydelig var det.
    Det Jonashuset var flott.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Himmelen var slik som på bileta. Det er det som er så fasinerande med skyer, dei endrer seg stadig, både i form og farge.
      God helg til deg og :D

      Slett
  2. Nydelige bilder Ruth!
    Takk for turen!

    Sommerklem fra meg ;)

    SvarSlett