søndag 4. januar 2015

Vind, regn, hagl og store flotte skyer...

Vinden har minka litt etter ei stormfull natt.
Veret skiftar frå små solgløtt til regn og hagl.
Turen startar på Nærland strand
 - vannstanden er høg,
bølgjene slår av og til heilt inn til sanddynene
 - skyene endrer fasong og farge,
 - det er eit fasinerande skue
 - eg går sørover
- eg må hoppa opp i sanddynene eit par gonger
fordi større bølgjer kjem innover i full fart
 - mitt mål er Selvåg,
ei lita strand mellom Nærland og Hå
 - frå ein stein godt oppe på ein liten haug,
tek eg til meg av det som naturen byr på
 - den vesle fyrlykta på Håtangen
 - ein kan finna mange figurer i skyene
- eg veit kva eg ser, men kva ser du?
 - tilbake på Nærland
- her er eit rikt fugleliv
 - på vei tilbake over stranda
setter eg meg ned på ein stein,
for å fotografera bølgjene som kjem innover...
 - eg trur ikkje vergudane likte det noko særleg,
for akkurat når eg sat der i "mi eiga verd",
kom ei stor bølgje og slo heilt inn til sanddynene
 og omkransa steinen eg sat på.....
- du kan jo bare tenkja deg:
ei halvgammal dame med armer og bein i lufta...
ja, somme gonger er ein snar i vendinga...
Frisk og luftig tur langs sjøen.

2 kommentarer:

  1. Nydelige bilder !!
    Hehe kan tenke meg du var et syn når vannet slo inn over mot steinen du satt på :)
    Ønsker deg en flott uke
    Klem fra Siv

    SvarSlett
  2. Ja noen ganger skulle en hatt film av slike situasjoner. hehe
    Men mange flotte bilder fikk du tatt på turen din. Nydelige
    Tusen takk for koselig julehilsen. Rakk ikke å sende noen i år
    Men håper stadig på bedre tider.
    Ønsker deg et riktig godt nytt år :)

    SvarSlett