søndag 14. juni 2015

Volvotreff Røldal 2015 3

Kvart år på Røldalstreffet (Odda Kommune, Hordaland),
vert det arrangert ein kjøretur,
til ein eller annan plass i området, nært eller fjernt frå Røldal.
Lørdag føremiddag er det oppstilling av volvoar som blir med på turen.
Komiteen fortel kor turen går og litt om plassane i skal innom
 - skyene heng langt ned på fjellsida,
undervegs har vi sol, øs pøs regnvær, skodde og veldig lavt skydekke
 - ein etter ein rullar volvoane ut frå parkeringsplassen
 - alle får med oppgaveskjema, om skal besvarast undervegs
her er spørsmål om volvo, og om ting vi ser på veien
 - ein del av bileta under,
er tekne gjennom ruta og i fart
 - vi køyrer på smale veier
 - baktroppen kjem eit stykke bak
 - vi køyrer over ei smal gamal bru
 - vatnet kjem ovanfrå og sidelengs
 - baktroppen
 - her tek vi ein avstikker
 - ned til Hylsvatnet, Suldal kommune, Rogaland
 - det blir kork når 50 bilar skal parkera på denne vesle plassen
- vi får informasjon om Hylen Kraftverk
 - eit lite gardsbruk ligg ved vatnet
 - klar før avgang mot neste mål
 - på Sand, Suldal Kommune, Rogaland 
er dei i full gang med Ryfylkedagane,
volvoane vert ein del av arrangementet
 - etter nokre timar i Sand returnerer vi til Røldal
- "mannefossen eller trollfossen" - kanskje du ser noko heilt anna
- ein foss vi passerer på veien
 - tilbake i Røldal er det grilling, utdeling av premier og anna morro
 - Kanskje du kunne tenkt deg ein tur til Røldal på teff?
Muligheten er der, dette treffet vert arrangert kvart år.
Kom og bli med då vel!

1 kommentar:

  1. I yearn for such weather, some rain, cool, and all those green. For a while, didn't even notice the vintage cars, LOL !

    SvarSlett