onsdag 1. mars 2017

onsdag = turdag

I lenger tid har eg prøvd å redusere 
på mine oppgaver i lag og foreninger,
for å bruke meir tid og krefter på meg sjølv.
Når ein alltid har vore engsjert og aktiv på ulike fronter,
er det ikkje like enkelt å sei nei.
men nå har eg klart redusere på mine oppgaver
og ordna det slik at onsdag er "fridag".
Denne dagen er tenkt å være turdag, 
korte eller lengre turar - alt etter dagsform.

 Første tur gjekk til Refsnes strand
 om det er solskin eller regn betyr lite
 grått i grått og litt blått
friskt og flott
 litt vind, bølgesus og måkeskrik
har stranda for meg sjølv - nesten
 la tankane fare avgårde med vinden
og bare være i nuet
det er ei lisa for kropp og sjel
 naturens eige kunstverk
Vel, ein kropp som syter og klager,
skal ikkje stoppe meg..
neste onsdag skal eg avgårde igjen..
( kortere turar vil det nok bli innimellom,
det, saman med bassengtrening x 2 
blir ein bonus i forhold til aktivitet pr veke)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar