onsdag 8. mars 2017

Onsdagstur nr 2 2017

Dagen kom med kuling og snøbyger,
og ikkje noko særleg innbydande for ein lengre tur.
men er det turdag, så er det turdag,
I dag valgte eg ein kortare tur 
langs steingard og strand.
snøen legg seg på vindstille stader
 snø, sand og stein 
naturens eigen kunst
Selvåg strand
 vinden aukar på medan eg går
og snøen kjem tettare
 fuglane sit på dei ytterste steinane
nesten uansett vær
 Håtangen
 ein flokk med Tjeld
kvitrer og kveder nede på marka
 dei fyk opp når eg kjem for nær
 og stiller seg opp litt lenger borte,
alle med bakparten mot vinden
 - grått i grått
 ikkje noko særlig lang tur,
men friskt og luftig.
- satser på lengre tur neste onsdag...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar