onsdag 31. mai 2017

Onsdagstur nr 11 2017

Skodda heng lågt over Jæren
det yrer og vinden lagar litt sus i trea.
Dagens tur er Melsvatnet rundt.
Eg er litt spent, 
for det mange år sidan eg har gått her,
og eg tenkjer mest på om kroppen vil dette....
 kameraet får kome fram av og til
 linsa er full av dråper før eg har fått teke eit bilete
 i starten er eg åleine,
bortsett frå hr stokkand ute på steinen
og eit 100 tals svarte snegler på veien
 fredeleg å rusle slik 
og bare lytte til det som skjer rundt meg
 etterkvart møter eg ei våt sjel her og der,
både på to og fire
trass i at enkelte deler av kroppen
 jamra litt mot slutten av runden,
vart det ein fin og frisk tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar