torsdag 18. mai 2017

Slovenia - i sør vest

Medan vi var der leide vi bil med sjåfør i nokre dagar.
Det var ein enkel måte å reise/sjå seg om på.
Turen går i dag i retning Slovenias kyst.
Kyststripa er ikkje lang,
og grenser til Italia og Kroatia.
Første stopp er Postonja Grotte, 
den 2. største av slitt slag i Slovenia
Grotta er eit 24 124 m langt karstgrotte system,
sørvest i Slovenia.
Grotta er 130 m djup på det djupaste,
og er narturlig laga av elva som renn gjennom fjellet.
Etter 1945 vart det bygd ein 5,3 lang bane, 
for å frakte turister ned i grotta.
 det er vanskelig å fotografere nede i grotta,
blitz er ikkje tillatt,
derfor er bileta ikkje heilt topp.
håper de likevel får ein inntrykk av det som er i grotta
 vandreturen går opp og ned,
over bru og berg
 fleire farger og mange figurer
 i grotta lever det mest kjente underjordiske dyret
Vivarij proteus
under sett på tv skjerm
 neste stopp ligg ikkje så langt frå grotta
Predjama borg
vart første gong nevnt i 1274,
og er bygd tett inntil ei 123 m høg klippe
 borga er utvida litt etter litt,
det kan ein nesten sjå inni,
trapper finns det over alt...
om ein ikke har fått nok av trapper inne,
kan ein ta turen 250 trappetrinn under borga,
der finn og eit grotte system tilsvarande Postanja
 i mindre målestokk
 inne frå borga har ein god oversikt over alt som skjer i dalen
 minner oss om ein viss herremann i heimbygda...
 første og eldste delen av borga,
er faktisk ei stor hole inne i fjellet,
neste del er bygd tett inntil fjellet,
så ein er liksom inne i borga heile tida
 om ein tek turen opp alle trappene inne i fjellhola,
oppdagar ein at dei som heldt til her,
må ha hatt god oversikt over dalen
heilt frå starten av
 stopp 3 
eit kort stopp nesten på grensa til Kroatia.
her vinn dei ut salt 
 stopp 4
den slovenske kyst
Piran
ein liten koselig landsby,
der husa ligg tett i tett,
her er palmer 
og mange båter i havna
 vi får ein følelse av sydlegare strøk
 er ein ytterst der ute,
kan ein på klare dagar sjå til Italia 
 Kroatia er der ute 
- ein kan såvidt skimte landet på dette bildet
det går mot kveld,
og snart er sjåføren tilbake for å henta oss..
4 slitne turister er fornøgde med dagens opplevelser..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar