søndag 18. juni 2017

Feistein

Turen går i dag til Feistein Fyr,
Klepp Kommune på Jæren.
Det regner litt når dreg frå land,
øya ligg mørk og grå der ute
 øya ser tom og forlatt ut
det er grått, men ingen nedbør
 vi har knapt nok lagt til kai,
før vi høyrer og ser 
at her er fullt av liv
 fargerike berg og fleire typer blomar
 måker som vakter og passer på at ein ikkje kjem for nær,
egga er utklekka,
og over alt finns det små "ulldotter",
godt gøymt eller i lag med vaksne måker
 eit ærfuglreir
godt gøymt, 
men kjentmann Gaute 
viste meg kor det var
 nedanfor husa,
er måkane sitt domene
 dei passer godt på når eg nærmar meg
 tomt egg går nesten i eitt med stien
 her nede er full aktivitet,
måkane kjem susande rett over hovudet mitt.
Måkesymfonien aukar i takt og tone,
kvar gong ein av måkane tek sikte på meg..
Det var spennande å bare stå der,
og lytte til synfonien
Enkelte måker haldt jamn takt,
dei som fauk rundt meg
endra på lyd og rytme
 her på øya hekker 4 fuglearter
teist, tjeld, måke og ærfugl
kjentmann Gaute kunne fortelja,
 at kråker har forvilla seg ut til øya,
men dei vart raskt kjeppjaga frå øya
 går inn for landing
 vi kunne etterkvart kjenne ein anelse av sol,
men kun for ei lita stund
 mor med våkent blikk
 oppe frå fyrtårnet
ser vi mange små nøster rundt på berga
under er det to små, 
godt gøymt i kvar si krå,
tett inntil steinen
 øya er ikkje så stor
på stormfulle dager slår sjøen omtrent over øya.
Etter at muren midt på biletet vart bygd,
er det kun sjøråk som når huset.
Naustet får gjennomgå kvar haust/vinter.
 det ser stille ut på sjøen,
men det humper litt
 åleine på berget..
Sjølv på gråværsdager,
kan det vera spennande på slike stader.
Kjentmann og representant  Gaute frå 
Feistein Fyr Venneforening,
hadde kun to passasjerer i båten i dag.
Er ein medlem av venneforeninga,
kan ein vera med på turen ut til øya,
samt leie rom/heile huset for overnatting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar