onsdag 14. juni 2017

Onsdagtur nr 12 2017

Sola strand - Ølberg havn,
ein tur eg lenge har tenkt å gå.
I dag passa det med sjåfør,
som bringer bilen frå start til målområdet.
Stille morgon på Sola strand,
bortsett frå all helikoptertrafikken...
Sola er av og på,
god temperatur og nesten vindstille.
Nokre få sjeler har morgontrimmen på stranda,
elles rolig
 ein eller annan kunstner har laga eit fint bilete,
på ein av bunkersane på stranda
 ved bekken lyser det blått i blått
 - eg går vidare over Ræge strand
 det gamle naustet viser godt igjen i morgonsola
 landskapet endrer seg
 i dette området finns det mange rester frå krigens dager
 første topp er passert,
det går nedover mot eng og bondens åker
 sand er nå erstatta med stein og berg
 morgonstell på steinen
 eg vandrer vidare langs steingard
 vel, dette er og ein slags sti....
 tilbake der eg kom ifrå
 kanonstilling på høgaste toppen
 Ølberg langt der borte..
 fjellet er "lagvis" og har fine formasjoner
 strandnelliken ser eg over alt
 stien går her ein plass...
 Ølberg strand og havn i sikte
turen var meir krevande 
enn eg hadde sett for meg på førehand.
Det er eit fint landskap, 
rik blomsterflora,
mange fugler og ender som kvitra og sang,
- men eg har no vore der,
og det blir nok med det.... trur eg..
Er du glad i litt klatring,
myrer og gjørme,
balangsering på stein og fjell,
så kan det henda dette er turen for deg..

1 kommentar:

  1. En veldig god onsdagstur du har hatt. Så herlig landskap.
    Glede å se. Tusen takk.
    God helg og god sommer fortsatt.
    Hilsen fra Viola

    SvarSlett