tirsdag 6. juni 2017

sykkel og foto......

Her i sist veke,
kom denne doningen til gards.
Eg har ikkje sykla på mange år, 
men etter fysioterapauts anbefalinger,
fann eg ut at det måtte prøvast.
Første tur var ikkje lang,
og etter ein del år på ergometersykkel,
var eg litt ustødig...
eg gløymde til å med å setja ned føtene når eg stoppa,
og plutseleg så låg er der.....
(alt gjekk godt..)
 - etter eit par små runder,
var eg klar for å "ta ut i den store verden"
 eg gjekk gjennom runden i hovudet,
tenkte alternative veier,
såg for meg kor det var sykklestier,
og kva veg eg måtte kryssa hovudveg minst...
 vel, sol, skyer og blå himmel,
grøne enger,
dyr på beite
 var noko av det eg sykla forbi
 - eg stoppa på plasser eg ofte har tenkt:
her var det eit fint motiv,
og så var bilen komen langt forbi.

Nesheim
Njærheim
 Håelva på Njærheim
 Høyland - Nærland
 ut mot havet
Nærland
 Nærland strand
her gjekk eg eit lite stykke på stranda, langs sjøen
 markblomar i mange fager,
blå sjø
grønt gras
grå steinar med gulfarga mose
skyer
blå himmel
 naturen fargesymfoni
til naturens eigen musikk
(lyden av bølgjer, fugler mm)
 eg sykla nedom Selvågen
 der fekk både sykkelen og eg 
ein velfortjent pause
 neste stopp,
eller "gåtur" med sykkelen,
var over den berømte hengebrua på Hå.
Det var ikkje fritt for at eg 
hekta sykkelen fast mellom trefjølene.
For meg med mitt lave tempo, hadde det liten betydning,
i forhold til desse raske som har liten tid,(Nordsjørittet)
og stuper framover når hjulet hekter seg fast.

Håelva på Hå
- herifrå vart det strake vegen heim att,
eg begynte å bli sliten,
og orka ikkje stoppe for å fotografere meir...
- trass i at eg såg mange fine motiv her og...

Med sykkelen kan eg koma meg ut oftere,
med sykkelen vert det mindre belastning på kroppen.
Eg ser at med litt meir trening,
kan eg bruke sykkelen på transportetappen
i staden for bilen,
når eg skal ut å gå turar i nærområda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar