lørdag 5. august 2017

Danmark juli 2017

Det har vore stille her på bloggen i det siste,
eg har vore på ein rundtur i Danmark.
Det har handla mest om fotgrafering av gamle bilar m.m.
innimellom vart det tid til litt andre motiv...
  dagane har hatt både pøsregn og sol,
stort sett har det "bøtta ned" i perioder når vi har vore i bilane,
men ei og anna regnbyge utanom og.
 vi var innom fleire muesum
under er vi på Egeskov
her ligg eit 460 år gamalt slott i ein vakker park
i tillegg er her fleire bygningar med blnat anna bilar, mopeder 
 det er grått, men opphald heilt til vi skal kjøre vidare...
 Ærø er ei moreneøy og ein av Danmarks minste øykommuner
- dei driv stort i golf her og..
 Skjoldnæs fyrtårn frå 1881,
 er bygd av steinblokker
 åkrane var gule og fine
 solsikker i lange baner..
 Havanna planten i blomst,
fin å sjå på, men ikkje bra for plantens formål.
Blada blir brukt til å lage cigarer.
når planten ved eit uhell får blomstre,
vert det lite brukande blad igjen til cigarproduksjonen.
- på Ærø finn ein liten cigarplantasje
 frå terassen på hotellromet i Ringkøbing
kunne vi sjå dette rådyret fleire gonger
Eg kjem tilbake med eit innlegg eller to
om den delen av turen som handler mest om veteranebiler

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar