søndag 10. desember 2017

Vintermorgon, i solrenninga

vi vakna til stillhet og ro
(etter mange vind og regnfulle dagar)
snø på bakken
sola er på vei opp bak åsen
snøtunge skyer ligg ute i havet
- ein av dei sjeldne vinterdagane på Jæren
 eg rusla rundt på eigne tufter
 det var friskt og vakkert
 månen som ein liten prikk langt der oppe,
er snart ferdig med si nattevakt.
 etter lang tid og mykje innliv
er det godt å kjenna: 
- minugrader som kjøler mine hender og kinn
- frisk luft i lungene
sjå snø, blåfarga landskap, eit vakkert skue
 eit par  bråkande grågjess fyk nordover,
dei må vera litt forvirra av det brå væromslaget
og ta feil av retninga...
- vel, det gjekk ikkje lenge før var over meg igjen,
på vei sørover
 sola farger himelen i nordvest
 denne turen er ein test,
eg er prøvekanin på ei ny behandling,
- i staden for veker på krykkjer,
kan det virke som om kroppen har nytta behandlinga vel,
og eg kan igjen ta meg lettare fram til fots,
utan dei store smertene...
- eg gler meg til å teste dette ut vidare,
og etter kvart ta meg meir ut langs hav og hei igjen.
eg ynskjer alle ein fin 2. søndag i advent

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar