mandag 30. april 2018

Orre gml kyrkje - Revtangen

Turen starta ved Orre gamle kyrkje,
oppe ved hovudvegen.
Valgte å starte her ved brua,
for å vera på nordsida av Orreelva.
 elv møter hav
 dagens tur går norover langs sjøen
over stand etter strand
 sørlege delen av Orrestranda
 frisk nordavind tek tak
sola skin frå blå himmel
 etter å ha runda neset,
kjem eg inn på den store, lange Orrestranda
Norges lengste sandstrand
 spor
alle etterlater seg spor
spor som blir viska vekk av vær og vind
 enkelte etterlater seg større og litt meir markerte spor
 det vart tungt å gå i den mjuke sanden, 
og vinden rett i mot,
så eg svinga opp mot sanddynene
og gjekk vidare litt oppe i "høyden".
Her var det live mellom sandhauger og strå
og desse små lyste gult i gult over alt.
 ennå eit stykke igjen av Orre strand
ved enden av den lange stranda, Sørenes/tangen
 bondens åker ligg heilt ned til sanddynene
 ser tilbake på Orre strand
 nok ei strand,
er litt usikker på om dette er ein del av Orre
eller Revtangen (Reve), neset som du ser der framme
 båter langt der ute 
 Revtangen
 bukta mellom tangane (Nordre og Søre Revtangen)
 planen eller målet var å gå over nok ei strand,
men i dag ville ikkje kroppen meir...
Ein vel fortjent pause i ly for vinden,
lytte til stillhet og ro
høyre bølgene slå mot land
kjenne sol som varmer
det gå påfyll i kropp og sjel,
eg rusler opp frå stranda,
opp mot bilvegen, der sjåføren venter på meg
ein fin tur i frisk nordavind og sol
den siste stranda kan eg gå over ei anna gong,
Om eg prøver denne turen på ny,
eller går vidare frå der eg stoppa nå,
ja, det vil bare framtida vise...
Ha ein fin dag!

søndag 29. april 2018

Obrestad

Det bles friskt frå nord,
sola skin frå blå himmel
gradestokken minner oss om at det forsatt er tidleg vår
 ein liten luftetur i havna på Obrestad
 småbåthavn med tildels stor aktivitet
populært område for liten og stor
med og utan båt
mange har dette som utgangspunkt,
 for vandring langs Jærhavet
 for rundt 80 år sidan
var det NM i skihopp i bakken til venstre..
mang eit lass med snø måtte fraktes dit med lastebil
friskt og kjølig - eg er snart på veg heim att

lørdag 21. april 2018

Vårteikn i Risaskogen

Turen går til Risa
 til Risaskogen
kvernhuset
 på jakt etter vårteikn
tett i tett strekkjer kvitveisen seg mot sola
 kusommer (kusymre) 
 ser ein ennå berre eit par plasser
 over alt ser ein sprekkeferdige knopper
sola varmer og fuglane kvitrer
ei fin og fredfull stund i skogen

torsdag 19. april 2018

Aurenes og Tjålandsvatnet, Time Kommune

Morgendisen slapp taket
og sola fekk sleppe til..
turen gjekk til Aurenes i Time.
Tjålandsvatnet
 innerst mot Aurenes er det vindstille
 eg skal op på toppane bak Aurenes 
 fram og tilbake, og fram og tilbake
bilen er med i eit filmopptak, til ein musikkvideo
 I fjor på desse tider gjekk eg same turen,
den gongen kjørte bonden ut lorten der eg gjekk,
i år er denne biten ferdig spreia.
 snøen har nettop smelta i nordlege skråninger,
trea står naken og strekkjer seg mot sola
 utsikten vert bedre og bedre til høgare eg kjem
 her oppe er det fleire småtopper,
eg må liksom opp på alle,
får å nyta den utsikten som er
 ut mot havet ligg disen fortsatt
 fortsatt er det fram og tilbake for denne gamle bilen
- med kamera på stang, kameramann i bilen, 
eller som her i bilen framfor..
 det bles godt på toppane,
så det vart ikkje lange "nyteutsiktpausen" oppå der
 her og der lyser det gult mellom stein ogstrå
Det godt å kjenna at eg i år, 
er sterkare på mange måter,
enn når eg gjekk same turen i fjor.
- tydeligvis var det rett avgjersle,
når legen valgte å ikkje bytte ut ledd,
men gi meg ei anna behandling i staden.
- det og mange treningstimar med fysioterapaut har gjort susen..
måtte det bare forsette slik
- kanskje eg snart kan prøve meg på ein litt høgare topp..
Ha ein fin dag, alle saman!